Det
er noko fritt, noko fredfullt
ved
det å sjå verda
frå
så store høgder
at
alle fargar flyt i hop
og
skyene dekkjer
det
meste
å
gå så høgt opp
at
du ikkje lenger kan skilje menneska
eller
bilane, husa, vegane, toga
frå
kvarandre,
alt
flyt saman – til eit heile
ein
einskap, på ein måte
om
enn kunstig
det
er noko luftig, hjartelett
å
balansere på toppen av eit fjell;
rette
ut hendene, kjenne vinden ruske i kroppen,
regnet
som renn over panna
og
sjå utover eit landskap som er ditt
på
ein måte det aldri kan bli
når
du er i det, sjølv
her,
frå over skyene
kan
eg late som dette kongeriket mitt
er
ein freda plett på jord
og
alle menneska – der nede
smiler
til kvarandre
under
skyer som gir livd
meir
enn dei dekkjer over
det vi aldri burde sjå#FN-dagen
Verda er ein samansett plass. Nokre dagar har eg lyst til å juble av glede; når eg ser menneske som gjer kvarandre godt, menneske som vil noko, oppnår noko, set seg eit mål og går heile vegen fram. Andre dagar vil eg helst stikke hovudet under puta og stå over. Det er så mykje vald, så mykje krig, så mykje elende. Dei fleste dagar er eg nøytral. Eg sullar med mitt, utan å tenkje i dei altfor store perspektiva. I dag faldar eg hendene. Sender ei bøn om fred. Harmoni. Kjærleik. Mette magar. Glade fjes. Leikande born. Blomstrande hagar. Gode blikk. Og veit at FN, kanskje, kan vere ein liten bit av bønesvaret. Kanskje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar