enno
kviler hjartet i fjorden
stille
sus av straumar i årene
ein
dag som går mot enden
spelar
sine lågmælte tonar over vatnet
enno
kjenner eg varmen frå lyset
ei
forsiktig berøring mot huda
som
ei fjørdrakt, silketynn
eg
sit i ein luftkokong
og
fjorden kviskrar sine gamle vers
dei
same eg høyrde då eg var liten
og
verda var ny for meg
men
gamal for seg sjølv
sakte
gøymer sola seg bak fjella
fjordhjartet
bankar, pulserar
all
si lengt, all si stille, all si undring
gjennom
meg
medan
lyset forsvinn, musikken tonar ut
og
eg dreg jakka tettare om meg;
så
korte dei er, dagane
kor
vakre dei er – og enno kviler hjartet i fjorden
Nydeleg!
SvarSlettGod helg :-)
That is really good, I like the lighting from the sunset
SvarSlettVakre ord - vakkert bilde!
SvarSlett