Viser innlegg med etiketten sol. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sol. Vis alle innlegg

mandag 2. november 2020

Streve under sola

fjella gir att
ekko frå ekko

ingen kjenner grensene
der skogen startar
skogen sluttar
og alt anna tar til

det er vanskeleg å byggje
murar
for alltid hamnar dei feil

murar der
ingen murar
skulle vere

og så må alt rivast
og byggjast opp att

ny sveitte på gamal sveitte
nytt blod over gamalt blod
nye bein
nye stemmer
der dei gamle stemmene var før

sola står opp og går ned
to millionar gongar til
utan å bry seg


tirsdag 14. juli 2020

Halv tanke

her er ikkje sollys
nok
til ein heil tanke,
her er ikkje kulde
til eit bankande hjarte
nok
å krype over, forsere
i kampen mot seg sjølv

her er sollys
for trøytte bein, men
tankane
er borte

tirsdag 26. mai 2020

Mot ei overflate

føter som går andre vegar
gjennom stille bygater,
vender tilbake
til utgangspunktet

hoppar over pyttar
utvida til djupe sjøar;
ein hai svingar dovent
gjennom gågata

hus som krympar, trekk saman
og bles seg opp att,
pustar skyer av damp
mot den nattsvarte himmelen

sola er ikkje lenger rund
månen syng ikkje lenger
over ulvehyla

dei dansande føtene
står stille, auga letne att
eg kyssar deg med fjørlett berøring

hud som tinar, sol som står opp
ein ny dag stig fram
med eit geisp


mandag 25. mai 2020

Til det er tomt

sakte renn sollyset
nedover fjellsider, utover fjorden

legg seg som eit teppe over bygda,
og fortset å renne
heilt til alt er tomt
og sola går ned for teljing
og ut til lading -
         gjer seg klar
til ein ny dag
med si uttømande, sjølvoppofrande
velsigning



onsdag 11. mars 2020

Nåleputesong

som galaktiske strikkepinnar
flyt solstrålane over den grøne parken
pirkar borti gras og tre,
grev seg djupt ned bakken
står som spyd mellom mold og stein

strikkar natta om til dag
strikkar molda om til blomar
strikkar blad på trea
strikkar sommarfuglar
frå dei små larvane

strekk seg mellom nye blad
som spissen av ei nålepute
du kan leggje handa på,
vere ein fakir
med ein song under huda

la seg stille punktere
så songen siv ut
over parken


søndag 9. desember 2018

Himmelskipet #9

dei store lysa sirkulerer
som tause vaktarar på himmelen
ser det som skjer i vide krinsar
utan å blande seg inn

så får den andre lys frå den første
og den første lys frå opphavet;
lovene kan ikkje brytast
banene kan ikkje endrast

det er fastlagt alt saman
og sett i rørsle
av Ein som er stødig på handa



lørdag 4. august 2018

Soleiebarn #18




fantastiske lyse sommarminne
etter dagar med strålande refleksjon –

huda har absorbert all varmen
og auga sendt strålane vidare
frå menneske til menneske

til vi strålar saman under sola
som eit fellesskap
av andrehandskjelder

kor vi solar oss i dette
at vi ikkje går i eiga kraft,
men speglar lyset
frå ei større kjelde



torsdag 15. mars 2018

Erkjenning



men no
når sola faktisk lyser opp
alt eg har oversett og gløymt
og blendar meg
            rundt annakvar sving
merkar eg
det er mykje kjekkare å kunne sutre
over lysmangel og regn –


onsdag 21. februar 2018

Vinterkveldslyset



strålane frå sola i havet
legg seg som varmekablar
rundt sjela

eg let meg senke
inn i bildet – bli eitt
med sjøen, skogen, skyene

kjenner at vinterkvelden og eg
pustar i takt, vert eit kor
- eit lovsongskor
under open himmel