fantastiske
lyse sommarminne
etter
dagar med strålande refleksjon –
huda
har absorbert all varmen
og
auga sendt strålane vidare
frå
menneske til menneske
til
vi strålar saman under sola
som
eit fellesskap
av andrehandskjelder
kor
vi solar oss i dette
at
vi ikkje går i eiga kraft,
men
speglar lyset
frå ei større kjelde
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar