søndag 12. august 2018

Det vanlege vonde




#sorg

Det var dette vi fekk høyre. På sjukehuset, då vi sat der med tunge hjarte, tunge føter, tunge kroppar. Tunge tankar. Håpet var vendt til mørke, lyset var slokna i det skjulte rommet der livet skulle gro. 

Heilt vanleg, sa ho, og meinte det nok som trøyst. For meg var det som ei uhandterleg øskje eg ikkje visste kor eg skulle setje frå meg. Så var det altså vanleg, men kva hadde det med oss å gjere? Vi var ikkje statistikk. Vi var ikkje den grå massen. Vi var ikkje tal på papir. Vi var oss, der og då, og tapet var akkurat då berre vårt.

Det er greitt å lese om det vanlege på ssb.no, men det vanlege kjem til kort i møte med personleg smerte.

1 kommentar:

  1. Sterke saker. Godt at du kan sette ord på slike følelser. For deg sjøl og for andre.

    SvarSlett