kanskje
er der mange niåringar
med
draumar og lengslar
og
merkelege nykker
og
ord som ikkje alltid finn vegen
til
overflata
kanskje
er der mange jenter
tråkkande
i stadig større sko
og
oppgåver som kjennes som eit hav
med
knusande bølgjer mot stranda
kanskje
er der mange drøymarar
med
vikande auge
i
møte med stormen,
kanskje
er der mange som treng trøyst
når
den skjøre fasaden rasar
og
livet buttar imot
likevel
er
du den eine, den unike
den
som er berre deg og berre du
kan
leve dine dagar, drøyme dine draumar
gå
dine stiar som best du kan
berre
du er den eine
som
må møte dine drakar
og
dine djupner
berre
du kan finne vegen
gjennom
din eigen labyrint –
men
vi står her
like
bak deg og heiar
alt
hjartet og pusten er god for
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar