Viser innlegg med etiketten modning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten modning. Vis alle innlegg

mandag 20. august 2018

Den eine




kanskje er der mange niåringar
med draumar og lengslar
og merkelege nykker
og ord som ikkje alltid finn vegen
til overflata

kanskje er der mange jenter
tråkkande i stadig større sko
og oppgåver som kjennes som eit hav
med knusande bølgjer mot stranda

kanskje er der mange drøymarar
med vikande auge
i møte med stormen,
kanskje er der mange som treng trøyst
når den skjøre fasaden rasar
og livet buttar imot

likevel
er du den eine, den unike
den som er berre deg og berre du
kan leve dine dagar, drøyme dine draumar
dine stiar som best du kan

berre du er den eine
som må møte dine drakar
og dine djupner
berre du kan finne vegen
gjennom din eigen labyrint –

men vi står her
like bak deg og heiar
alt hjartet og pusten er god for


søndag 20. desember 2015

Treet og vinden



eg såg ein gong eit tre
det stoltaste av dei alle,
høgreist og flott, med heva blikk
i den store skogen

eg såg kor det måtte bøye seg
for vinden ei haustnatt
og vinden i vinterkulda
kor vårvinden drog det mot bakken

eg såg kor det måtte la seg forme
av det usynlege - lufta det pusta i
såg kor krokrygga og audmjuka det vart
av dette naudsynte grunnlaget for livet

eg såg ein gong eit tre
det mest audmjuke av dei alle,
bøygd og tøygd til det ukjennelege
i den store skogen

eg såg kor det smilte mot meg
let gleda skine som eit mysterium;
kjente ei undring over dette snodige
- at det først no var eit lukkeleg tre –