Viser innlegg med etiketten barndom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barndom. Vis alle innlegg

lørdag 17. oktober 2020

Hjartet held handa

handa di greip om hjartet mitt

knuga det fast i søvnen,

let det vere ei hamn å ankre opp i

sidan verda elles er ukjent, grå og mystisk


handa di slapp aldri taket, sjølv

om blikket vandra vidare utover

til ei veksande verd

ekspanderande håp og vilje

til å vere ei brikke i det store spelet

og ein kan seie

at hjartet no har kapsla inn handa

og meir held deg enn omvendt

og strekk sine nervetrådar til brestepunktet

for å følgje deg kor enn du går


og du går

 

tilbake ligg hjartet mitt

bankar taktfast i eit heiarop

som ikkje vil stogge før heile eg

ikkje treng noko hjarte 

å fortøye meg til verda med lenger


søndag 11. oktober 2020

Beibiføter på veg til universitetet

det finst ingen pauseknapp


det finst ingen revers


det finst ingen opptaksfunksjon


berre dette sviktande minnet, og eit hjarte

som de alltid vil bu i



mandag 3. februar 2020

Mannen inni mannen

mannen inni mannen
det vesle rommet
som aldri får lys
og ingen veit om

mannen inni mannen inni mannen
ei lita øskje
fullt møblert,
med utenkjelege tankar
for alle andre

mannen inni mannen inni mannen inni mannen
er ingen mann
men ein gut,
sit der og vippar på ei huske
som endå har fart
etter barndomens milde puff 


søndag 5. januar 2020

Ropet, igjen

du ropar frå rommet
ei lett lidande stemme
som ei bøn

kanskje er du tørst
tenkjer eg
medan eg legg vekk papira mine

kanskje treng du ein klem
tenkjer eg
medan eg reiser meg opp

kanskje lengtar du etter lys
eller ei stemme, eller eit handfast teikn
frå ei verd som snart skal forsvinne
når du vandrar inn
i draumane

kanskje, tenkjer eg
og opnar døra til rommet ditt

"god natt," seier du
og smiler, god natt
seier eg, smiler tilbake
og det var alt som skulle til

verda er igjen i balanse

fredag 14. desember 2018

Vi to




i dag er det vi
to som går saman

i går var det vi
to som gjekk saman

og i morgon
vil vi to
gå saman – vidare        heilt
til du slepp handa

spring dine eigne vegar –

då skal eg gå vidare
med opne hender;
ei som vinkar til deg
ei som alltid heng ledig       til deg




mandag 20. august 2018

Den eine




kanskje er der mange niåringar
med draumar og lengslar
og merkelege nykker
og ord som ikkje alltid finn vegen
til overflata

kanskje er der mange jenter
tråkkande i stadig større sko
og oppgåver som kjennes som eit hav
med knusande bølgjer mot stranda

kanskje er der mange drøymarar
med vikande auge
i møte med stormen,
kanskje er der mange som treng trøyst
når den skjøre fasaden rasar
og livet buttar imot

likevel
er du den eine, den unike
den som er berre deg og berre du
kan leve dine dagar, drøyme dine draumar
dine stiar som best du kan

berre du er den eine
som må møte dine drakar
og dine djupner
berre du kan finne vegen
gjennom din eigen labyrint –

men vi står her
like bak deg og heiar
alt hjartet og pusten er god for


tirsdag 19. juni 2018

Dei tause barna




utanfor mi eiga komfortsone sit
ei einsam jente
på ein benk i eit bur

auga lengtar etter varme
huda lengtar etter trygge hender
kroppen frys

sjela frys

rundt står skogar av soldatar
og byråkratar
med våpen og nøklar
og attstengde hjarte –

kven stengjer barna inne
som dyr
kven vrir om nøkkelen – seier
god natt på eit framand språk
– kven orkar møte eigne auge
etter dette –




#hjarte

Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.  Slik står det i ordspråka i Bibelen, og det er eit ordspråk eg gjerne skulle delt med alle byråkratar og politikarar og militære i USA akkurat no. I går kunne vi lese i avisene at USA dei siste månadane har skilt nærare 2000 barn frå sine foreldre etter at dei har kryssa grensa til landet ulovleg. Dette er ein umenneskeleg politikk, og eit overtramp av dimensjonar. Historia kjem til å døme Trump-administrasjonen for dette. Likevel - det hjelper så lite å sjå dette i eit historisk lys, all den tid styresmaktene øydelegg tryggleiken og tilliten og behovet for sine foreldre hos så mange barn. Akkurat no. Heldigvis er der no sterke stemmer som tek til motmæle. Eg ber om at dei må vinne fram - i dag.