utanfor
mi eiga komfortsone sit
ei
einsam jente
på
ein benk i eit bur
auga
lengtar etter varme
huda
lengtar etter trygge hender
kroppen
frys
sjela
frys
rundt
står skogar av soldatar
og
byråkratar
med
våpen og nøklar
og
attstengde hjarte –
kven
stengjer barna inne
som
dyr
kven
vrir om nøkkelen – seier
god
natt på eit framand språk
–
kven orkar møte eigne auge
etter
dette –
#hjarte
Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det. Slik står det i ordspråka i Bibelen, og det er eit ordspråk eg gjerne skulle delt med alle byråkratar og politikarar og militære i USA akkurat no. I går kunne vi lese i avisene at USA dei siste månadane har skilt nærare 2000 barn frå sine foreldre etter at dei har kryssa grensa til landet ulovleg. Dette er ein umenneskeleg politikk, og eit overtramp av dimensjonar. Historia kjem til å døme Trump-administrasjonen for dette. Likevel - det hjelper så lite å sjå dette i eit historisk lys, all den tid styresmaktene øydelegg tryggleiken og tilliten og behovet for sine foreldre hos så mange barn. Akkurat no. Heldigvis er der no sterke stemmer som tek til motmæle. Eg ber om at dei må vinne fram - i dag.
