Viser innlegg med etiketten vald. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vald. Vis alle innlegg

onsdag 30. januar 2019

Mitt sintaste dikt nokosinne










#smerte
Eg såg ein film på søndag, om to syriske jenter som vart brannskada i eit bombeangrep. Det er få ting som går djupare inn på meg, og diktet er skrive i sinne. Eg avsluttar med ei bøn. Det er menneske som drep, og eg tykkjer synd på dei også. Det er noko fundamentalt galt hos menneske (eller systemet rundt menneske) som kan drepe andre menneske og øydelegge liv på denne måten.


tirsdag 19. juni 2018

Dei tause barna




utanfor mi eiga komfortsone sit
ei einsam jente
på ein benk i eit bur

auga lengtar etter varme
huda lengtar etter trygge hender
kroppen frys

sjela frys

rundt står skogar av soldatar
og byråkratar
med våpen og nøklar
og attstengde hjarte –

kven stengjer barna inne
som dyr
kven vrir om nøkkelen – seier
god natt på eit framand språk
– kven orkar møte eigne auge
etter dette –




#hjarte

Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.  Slik står det i ordspråka i Bibelen, og det er eit ordspråk eg gjerne skulle delt med alle byråkratar og politikarar og militære i USA akkurat no. I går kunne vi lese i avisene at USA dei siste månadane har skilt nærare 2000 barn frå sine foreldre etter at dei har kryssa grensa til landet ulovleg. Dette er ein umenneskeleg politikk, og eit overtramp av dimensjonar. Historia kjem til å døme Trump-administrasjonen for dette. Likevel - det hjelper så lite å sjå dette i eit historisk lys, all den tid styresmaktene øydelegg tryggleiken og tilliten og behovet for sine foreldre hos så mange barn. Akkurat no. Heldigvis er der no sterke stemmer som tek til motmæle. Eg ber om at dei må vinne fram - i dag.

onsdag 23. mai 2018

Mollsong for Mohamedou Ould Slahi

den stille songen i vinden
frå eit vindauge
skjult bak gitter og gjerder
og piggtrådvasar på toppen

uttrykkslause soldatar på rekke
stenger porten
både inn og ut av mørket

guantanamo –
eg kjenner ordet som ei smerte
ein kniv i hjartet
eit sår som ikkje vil gro

men songen i vinden
ber med seg håpet
ein dag
vil fridomen kome
også hit
            til dei uskuldige

mandag 1. januar 2018

Barbar



det er eit innslag av vald
i orda du seier

dei kryp liksom sjølvsikre ut i verda
møter lufta med stålkontroll
og fintar all motstand av bana –

du seier det er kultur,
at det er tida i utvikling
og verda som har endra ham
til dette punktet – der orda brenn

som tørka lauv i øyrene mine
og du smiler og nikkar
medan tankekonstruksjonane fell
som forkola stillas

i ruinane trampar orda dine rundt
og gliser med blodige ulvetenner
over kadaveret til det som ein gong var
vår kultur