mandag 29. august 2016
fredag 26. august 2016
Rikdom
alt
eg rekna som mitt eige
bak
stengde dører tette skodder
strengt
vaktande over mine skattar
som
ein fresande drake
messa
mitt mantra
mitt
mitt
til
tida rann ut
dørene
vart sprengde alt rasa
falt
saman som visna lauv
teke
av vinden
dess
meir eg prøvde å halde fast
dess
meir vart rive bort
til
eg sat att med smular
og
ruinar av det som hadde vore
i
eit opna landskap
kjende
vindane såg trea trakk inn
den
friske lufta
kjende
hjartet banke feste auga
på
gylne horisontar
høyrde
ei stemme tala
den
kom frå hjartet vinden ruinane
frå
ein stad like utanfor rekkevidde
først
no er du rik
som
ei kviskring
først
no
er
du
verkeleg
rik
onsdag 24. august 2016
torsdag 11. august 2016
Vindauge
desse
orda er mine
vindauge
mot
ei verd – verda
i
stadig rørsle;
dei
er stadig i endring, desse orda
mine
vindauge
mot
andre menneske – menneska
på
godt og vondt
i
ei blanding eg aldri får taket på –
difor
pussar eg på desse
orda
mine vindauge
mot
ei større forståing – forståinga
som
alltid glepp i siste sekund
mandag 8. august 2016
Mørket eg fryktar
eg
fryktar ikkje natta
tause
og kalde, blinkande
stjerner
i ævelege avstandar
i
det tomme universet,
eg
fryktar ikkje tåka
det
rå regnet
som
omfamnar og skjuler
alt
som lever og pulserar
gjennom
desse blinde timane
eg
fryktar mørket
i
menneskehjarta,
det
som tåkelegg mjuke ord
og
vatnar frø av hat og mismot
sådd
gjennom timar og dagar
under
eit forsura regn av ord,
skapt
i det same mørket
det
er ein himmelvid forskjell
på
dette indre mørket
og
det ytre mørket
som vik for ei stigande morgonsol
Abonner på:
Innlegg (Atom)