Viser innlegg med etiketten vindauge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vindauge. Vis alle innlegg
mandag 19. februar 2018
torsdag 11. august 2016
Vindauge
desse
orda er mine
vindauge
mot
ei verd – verda
i
stadig rørsle;
dei
er stadig i endring, desse orda
mine
vindauge
mot
andre menneske – menneska
på
godt og vondt
i
ei blanding eg aldri får taket på –
difor
pussar eg på desse
orda
mine vindauge
mot
ei større forståing – forståinga
som
alltid glepp i siste sekund
søndag 24. august 2014
Gjennom glas
mellom
meg og deg
ein
vegg, ein veg
å
leggje bak seg –
eg
strekk ut handa
legg
den mot det kalde glaset
møter
auga dine
ser
inn i ei anna verd
der
alt det kalde her
er
farga raudt og varmt
ein
straum av bilete
filter
på filter
over
mine regngråe sukk
du
legg handa mot glaset
frå
andre sida, innsida
av
alt eg ynskjer;
eg
held auga dine fast
ser
at du opnar munnen
og
splintrar veggen med eitt ord –
(Fototriss)
Abonner på:
Innlegg (Atom)