desse
orda er mine
vindauge
mot
ei verd – verda
i
stadig rørsle;
dei
er stadig i endring, desse orda
mine
vindauge
mot
andre menneske – menneska
på
godt og vondt
i
ei blanding eg aldri får taket på –
difor
pussar eg på desse
orda
mine vindauge
mot
ei større forståing – forståinga
som
alltid glepp i siste sekund
Liker orda dine:
SvarSlettVindauge mot verda i endring, og menneska på godt og vondt, - eg aldri får taket på. Og pussar vindauge mot større forståing, - som glepp.
"Ja, sånn er livet" og vi forsetter "å pusse vindauge".
TAKK! Fra "MinsteBror"