søndag 30. august 2015
lørdag 29. august 2015
mandag 24. august 2015
fredag 21. august 2015
onsdag 19. august 2015
Spisse tankar
(isn't it like a return
of a spinning thought -
all these knife sharp thoughts
I'm aiming outwards
are cutting my own heart)
tirsdag 18. august 2015
mandag 17. august 2015
søndag 16. august 2015
3 mrd
Etiketter:
hjarte,
kjærleik,
livet,
matematikk,
nynov
lørdag 15. august 2015
fredag 14. august 2015
torsdag 13. august 2015
Om UDI og hjartemangel
Eit lite dikt i høve dette fantastisk depressive oppslaget på TV2: http://www.tv2.no/a/7250540
Av og til blir eg så utruleg oppgitt over dei som styrer dette landet, og samtidig så makteslaus, for det er så lite eg kan gjere med det. Einast be om at UDI må få auga opp for kva dei held på med, og at vi ved neste val skal velje inn personar med litt betre gangsyn på Stortinget. Slik at UDI på den måten får betre instruksar...
Og i tilfelle det er tvil: Diktet er skrive i affekt.
onsdag 12. august 2015
tirsdag 11. august 2015
mandag 10. august 2015
Ein dag
skuggane
ligg tunge
over
ulendt terreng
der
alle våre vegar snor seg
som
villfarne bekkar
i
terrenget
og
føtene våre går
desse
fuktige stigane,
auga
vår ser
ein
skjult horisont
bak
natt og tåke
eg
er fri,
eg
har ubundne hender
og
kan sjølv velje vegen
du
er bunden,
hendene
dine ber såra
og
føtene har ingen val
ein
dag skal vi møtes,
ein
dag lettar tåka
og
auga vil sjå alle horisontar
ein
dag vil dommen falle
over
fri og træl,
ein
dag må vi svare – for alt –
-
i
dag vel eg vegen;
eg
svingar av, går mot deg
tilbyr ei hand i ditt mørker lørdag 1. august 2015
Skjul
så
talte Herren til meg
i
mitt skjul
bak
mentale fikenblad
rundt
hjartet mitt
ord
som lækte såra
og
bygde opp att
alt
eg reiv ned
på
mi vitlause ferd
og
opna hjartet mitt
for
nye ord
og
nye tankar
og
nye vegar å gå
til
ein varmare stad
i
eit anna lys;
trygg,
trass mørket
som
freistar å rope meg tilbake
Abonner på:
Innlegg (Atom)