desse skyene
seier du
alle desse skyene
kviskrar du
ser på skyene med mørke auge
eg svevar rundt deg
ein satellitt i bane
rundt sitt fjerne mål
bles mot skyene
held fram hendene
og tek imot tårene
frå auga dine
samlar dei saman
men ser dei forsvinne
fordampar
dannar nye skyer
eg snurrar vidare
ynskjer å trøyste
men du gret og gret
og skyene vert mørkare og mørkare
det finst inga dør
ut frå dette rommet
Viser innlegg med etiketten kamp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kamp. Vis alle innlegg
torsdag 28. mai 2020
søndag 10. mai 2020
Trasse stengsler
viss
du
seier
ja
kunne
me
halde
hendene
saman
sjå
langt
over
vatnet
framover
langs
visarar
på
veg
mot
morgongryet
medan
verda
søv
ristar
av
seg
støv
frå dagar utan rørsle, dagar utan lys
dagar utan nokon som ryddar opp
og tek ansvar, men me, me går på
med hendene saman, trassar smerter
trassar stengsler, går over alle hinder
på veg mot ein betre morgondag
viss
du
seier
ja
når
utfordringa
kjem
du
seier
ja
kunne
me
halde
hendene
saman
sjå
langt
over
vatnet
framover
langs
visarar
på
veg
mot
morgongryet
medan
verda
søv
ristar
av
seg
støv
frå dagar utan rørsle, dagar utan lys
dagar utan nokon som ryddar opp
og tek ansvar, men me, me går på
med hendene saman, trassar smerter
trassar stengsler, går over alle hinder
på veg mot ein betre morgondag
viss
du
seier
ja
når
utfordringa
kjem
fredag 5. januar 2018
Forsvar
desse
orda er mitt forsvar
mot
den store gløymsla
som
ein dag vil sluke meg
og
alt eg er
og
har
og
tenkjer
det store mørket
som trekk meg mot bakken
millimeter for millimeter
til
alt som står att
er
eit namn og to tal
likevel
– eg set orda inn
som
skarpe våpen
i kampen
og vil kjempe til siste
dråpe med blekk
fredag 10. februar 2017
Kulden frå djupet
ås ropar til ås
eit komme
alt edelt, alt stort –
lat kvart minste molekyl
bli eitt med det lyse
og lette og sigrande glade
må
kulden frå djupet komme
så komme det som må –
men
møt det med mot,
kjemp
til
alle krefter, til siste dråpe blod
er
borte
lat
det sigrande, faste vere
eit
banner over ditt liv,
der
djupet vert dekt av ein veg
og
lyset får stråle
i
mørket
lørdag 15. august 2015
Abonner på:
Innlegg (Atom)