Viser innlegg med etiketten morgondag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten morgondag. Vis alle innlegg

søndag 10. mai 2020

Trasse stengsler

viss
du
seier
ja

kunne
me
halde
hendene
saman

sjå
langt
over
vatnet

framover
langs
visarar

veg
mot
morgongryet

medan
verda
søv
ristar 
av
seg 
støv

frå dagar utan rørsle, dagar utan lys
dagar utan nokon som ryddar opp
og tek ansvar, men me, me går på
med hendene saman, trassar smerter
trassar stengsler, går over alle hinder
på veg mot ein betre morgondag

viss
du 
seier
ja
når
utfordringa
kjem