søndag 31. august 2014
Clear #2
Etiketter:
frukt,
haiku,
haiku horizons,
helgbilden,
insekt
lørdag 30. august 2014
3 på rad
Grensebyggarar
det
var vi som felte trea
kaldblodig
ein vinter
og
høvla dei til
med
nykvessa knivar
i
stille takt til rytmen
av
vårt eige sinne
det
var vi som laga pålar
med
målretta tankar
og
stabla dei opp
på
vår eigen rygg,
bar
dei i trass, medvite
til
dei ytste grensene
av
vårt eige audeland
det
var vi som slo dei ned
til
rytmen av vår eigen puls,
bygde
grenser, skiljelinjer
og
kvilte hendene mot låra
pusta
ut, tilfreds
i
vårt eige innestengde rike;
ingen kjensler kjem vidare her
Fraksjonar
det
er ikkje vi som eig verda,
men
vi trur visst –
at
alt kan delast i fraksjonar
tilpassa
våre ulike behov
at
alt ligg på sine hyller,
det
er berre å hente –
at
tankane er så frie
dei
styrer kloderotasjonen
og
let oss sjølv krone
til
kongar
over
eit kongerike bygd
på
draumar og barnlege fantasiar
at
vårt eige liv er ein fraksjon
der
investeringar kan sikre oss mot døden –
Stille
liv
samlebandlivet
rullar
på
veg inn i fabrikken
til
våre faste plassar, faste
verktøy,
tankar og draumar om
samlebandlivet
som glir roleg forbi
utan
dramatiske skjelv
eller
snubletrådar, vi går
der
vi alltid har gått, i eit
samlebandliv,
frå starten
til
enden, rutinemessig og stødig
som
klokker, eit urverk i rørsle
og
vi er kvar våre hjul i
samlebandlivet,
ei rekke
frå
dagen startar til sola går ned
og
vi tuslar stille ut døra
kvar
for oss
fredag 29. august 2014
Handa og hjartet og auga
det
kvilar ei hand
imot
fjøresteinen,
der
sit det ein –
han
lyttar
mot
bylgjer som rasar der ute
ein
hammar kan banke
eit
hjarte kan slå
men
aldri kan auga få ro
hos den som ventar i frykt –
og handa grip hardt
om fjøresteinen,
ei visse er tent
- alt kan falle, forsvinne i mørket
han
lyttar
mot
bylgjer som rasar der ute;
hammaren
slår
og
hjartet finn ro
medan
auga… dei leitar
i
natta
Abonner på:
Innlegg (Atom)