kor
annleis alt vart
tenkjer
konstruktøren
bøygd
over sine teikningar,
tankefull
i
møte med resultatet
av
dei gode intensjonane, planane
som
var så perfekte
kor
annleis alt vart
då
siste hand var lagt;
utsikta
kunne nytast
gleda
kunne delast –
og
han såg kor saumen rakna,
kor
søylene vakla
kor
grunnmuren smuldra opp
under
føtene
bøygd
over teikningane
med
tunge sukk, trøytte blikk
og
eit fast hjarte;
her
må det gjerast
noko
som
kan rette opp alt
ein
gong for alle –
Very creative shot! Dazzling!
SvarSlettartmusedog and carol (A Creative Harbor)
Awesome image.
SvarSlettQuite interesting.
SvarSlett