Viser innlegg med etiketten onsdagstema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten onsdagstema. Vis alle innlegg
tirsdag 19. mai 2015
Kvit og ikkje
du kom over livet mitt
som ei årstidsveksling
eller ein bris frå framande strender
dekte himmelen over hovudet mitt
med kvite skyer, farga verda
med din eigen pensel
så går eg her, auga fokuserte
og du fyller synsranda, frå ende til annan
med det kvite og ikkje
(Onsdagstema)
onsdag 22. april 2015
Fram
så kastar han seg fram
inn i det ukjente
det er ikkje lenger eit val
mellom her - og der
for grunnen er borte
det gamle langt bakanfor medvitet
og auga er retta framover, utover
fokusert på det som skal komme
på det som må komme
etter dette
svevet gjennom millionar
av augeblikk
(Onsdagstema)
Etiketter:
framtid,
livet,
onsdagstema,
svev,
val
onsdag 18. mars 2015
Ein smule sur
kanskje
er det maktesløysa,
at
ein gjerne ikkje vil
vere
ein som ikkje kan seie
og
vere akkurat der og den ein vil
eller
ikkje vil
akkurat
når og om
ein
har lyst
kanskje
passa det ikkje så godt
akkurat
no
å
gjere noko anna;
avslutte
noko, begynne noko
eller
vere vidare i dette
ein
ikkje ynskjer
kanskje
veit ein ikkje,
kanskje
er det ikkje noko
i
det heile –
ein
berre
er
sur
kanskje
går det
snart
over
(Onsdagstema: Tørr - portrett av ei jente som er tørr bak øyra og veit kva ho vil! Og ikkje vil...)
tirsdag 3. februar 2015
Eg er eit monument
ein gong sett her, planta
fordi nokon ville det
ein gong villa, skapt
som ein del av ein større tanke
plassert, normalt mot jordskorpa
som eit levande bevis - eit manifest
ser du skuggen eg kastar?
den vitnar om noko større - utanfor
og skuggen som dekkjer meg?
at det er nokon som vil meg vel
nokon som seier at eg er eit monument
sett, skapt, plassert, villa, elska -
ser du dropar av blod langs vegen?
det er leielysa -
monumentet skal flyttast
dit opphavet for alle monument får æra -
(onsdagstema)
onsdag 14. januar 2015
Reach
reaching for the outer world
- longing for some sunshine
and the utter freedom
in ability to move
wherever her mind says: go!
reaching for her role model
- moving, oh so quickly!
across the starry sky,
leading the way
to a promised land;
there will be no more walls –
reaching for those promises
- unseen, concealed
like a seed, planted in the very core
of her inner being;
longing for the free run,
longing for the wind beneath her wings –
- longing for some sunshine
and the utter freedom
in ability to move
wherever her mind says: go!
reaching for her role model
- moving, oh so quickly!
across the starry sky,
leading the way
to a promised land;
there will be no more walls –
reaching for those promises
- unseen, concealed
like a seed, planted in the very core
of her inner being;
longing for the free run,
longing for the wind beneath her wings –
(A summer memory! Onsdagstema, Wednesday around the world, Black and white wednesday)
Etiketter:
freedom,
longing,
move,
onsdagstema,
svart/kvitt
onsdag 19. november 2014
Den ukjente
vandrande
langs vegane
i
livet, eit levande og livssterkt
tenkande
vesen og truleg trufast
i
alt ditt eige,
går
du mot målet
ved
enden
ein
ettermiddag ved vatnet
og
eg undrar –
kven
er du
kor
skal du
kvar
har du vore, før
vegane
vart kryssa
tilfeldig,
trass
vindar
som trugar
og
tida som tikkar
mot
kveld, mot natt, mot mørke
og
du går oppreist, stødig
som
var du upåverka, ei festning
mellom
verda
og
det eg tenkjer må vere
eit
erfarent hjarte, fullt av håp
og
draumar
for
dagar eg ikkje kjenner, aldri
vert
ein del av
aldri
får vite forma,
konsistensen,
substansen
av,
for eg går mine vegar
du
går dine, vi er ukjente
tilfeldig
møtande
langs
vegane i livet,
far
vel –
tirsdag 4. november 2014
I min stil
dei
vil
eg
skal sveve
på
lånte venger
dei
vil
eg
skal stå
på
framand grunn
dei
vil
eg
skal seie
ukjente
ord
dei
vil
eg
skal teie
endå
ein stund
det
einaste eg vil
er
å få leve,
i
eigen stil
over
djupa sveve
torsdag 4. september 2014
Trust
golden days will pass
as the sun makes its way
over diverse landscapes,
leaving behind a green belt
sparkling shades, waving
like an ocean in the wind
awaiting days of destruction,
days of loss, mourning
as death himself
picks his way through the forrest
-
in days of golden sorrow
trust is lingering in days ahead,
creates the hope
of resurrection - one day
after winters cold, white plaid
is drawn aside
(onsdagstema)
Etiketter:
død,
forandring,
haust,
håp,
onsdagstema,
oppstoda,
syklus,
tru
Abonner på:
Innlegg (Atom)