Viser innlegg med etiketten kvit. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvit. Vis alle innlegg

tirsdag 19. mai 2015

Kvit og ikkje



du kom over livet mitt
som ei årstidsveksling
eller ein bris frå framande strender

dekte himmelen over hovudet mitt
med kvite skyer, farga verda
med din eigen pensel

så går eg her, auga fokuserte
og du fyller synsranda, frå ende til annan
med det kvite og ikkje


(Onsdagstema)