Viser innlegg med etiketten himmel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten himmel. Vis alle innlegg

onsdag 26. august 2020

Varig

sola på himmelen
eit minne
bak auge, i hud

horisontlinja ligg svart
mellom hav
og stjernehimmel

bølgjene mot stranda
slår taktfast
også utan lys


tirsdag 28. juli 2020

Mot det gode

rota til det gode
veks oppover mot himmelen
der fuglane syng
høgare enn melodien frå fjella

lokkar med sine lyse tonar,
kom, klatre høgare
i lukka som spirar på denne greina
utan botn

så strekk røtene seg mot lyset
og treet
veks ned i bakken, finn feste
i mold og berg

eg er ein stødig stamme
jordfesta, himmelvendt
utstrekt i alle retningar
kor det gode kan fangast inn


tirsdag 14. mars 2017

Himmelen regnar mot fjella


himmelen regnar mot fjella
ei elv av tårer
for alt som har skjedd

ei elv av tårer
for alt det gode som aldri vart gjort

ei elv av tårer
for alt som burde ha vore -

himmelen regnar mot fjella
eit lys som strøymer
over alt som er godt i verda

eit lys som strøymer
over alt det vonde som aldri vart gjort

eit lys som strøymer
over alt som vart som det skulle

himmelen regnar mot fjella

mandag 6. juli 2015

Det vakre




så kjem åra
legg sine lag
på lag
med minner, spinn dei
som spindel
kring hjarta og tankar,
let kjernen i alt
mogne
medan skalet
sakte krøllar seg
saman under tyngda
av kvart sekund, minutt, time
dagar og år
av levd liv
og drøymde draumar
tenkte tankar
og handlingar hendt
i den rekka
som enda opp
å vere ditt liv

så er dette det
vakre på jorda,
at alle ting
er i endring;
at tida lærer oss å bere
vårt forfall, våre tap
med heva hovud

og dette er det
vakre i verda,
at når enden er enden
på ferda
og kroppen vert gjeven attende
til støvet den ein gong vart reist frå,
skin orda frå boka
som leielys i natta:

ein dag bryt du ut av konkongen,
ditt innkapsla du
skal endå ein gong stige fram,
men no utan skal
utan tid
utan den tyngande tyngda
du ber på no


tirsdag 19. mai 2015

Kvit og ikkje



du kom over livet mitt
som ei årstidsveksling
eller ein bris frå framande strender

dekte himmelen over hovudet mitt
med kvite skyer, farga verda
med din eigen pensel

så går eg her, auga fokuserte
og du fyller synsranda, frå ende til annan
med det kvite og ikkje


(Onsdagstema)

torsdag 6. november 2014

Ny forteljing



eg skriv
ei ny forteljing
denne dagen




let sola risse
sine mjuke strekar
i hjartemolda




plantar eit frø
vatnar med alt godt
eg kjem over –





det vert til slutt
ei forteljing,
starten på noko nytt