så
kjem åra
legg
sine lag
på
lag
med
minner, spinn dei
som
spindel
kring
hjarta og tankar,
let
kjernen i alt
mogne
medan
skalet
sakte
krøllar seg
saman
under tyngda
av
kvart sekund, minutt, time
dagar
og år
av
levd liv
og
drøymde draumar
tenkte
tankar
og
handlingar hendt
i
den rekka
som
enda opp
å
vere ditt liv
så
er dette det
vakre
på jorda,
at
alle ting
er
i endring;
at
tida lærer oss å bere
vårt
forfall, våre tap
med
heva hovud
og
dette er det
vakre
i verda,
at
når enden er enden
på
ferda
og
kroppen vert gjeven attende
til
støvet den ein gong vart reist frå,
skin
orda frå boka
som
leielys i natta:
ein
dag bryt du ut av konkongen,
ditt
innkapsla du
skal
endå ein gong stige fram,
men
no utan skal
utan
tid
utan
den tyngande tyngda
du
ber på no