Forlatt – ein taus kreasjon,
sett saman av nyttige delar
- noko som var nyttig, ein gong,
før slitasje og rust, nye tider
sette inn,
omforma det vitale til skrot
det nyttige til noko brysamt, noko å
bli kvitt
ein stad, stua vekk og gløymt –
Eg er på toppen av sinuskurva,
kjenner livet boble, kjenner vinden
blåse
meg framover – endå er eg på sporet
Ein dag vil du kanskje finne meg,
vekkgøymt, som ei sykkelramme utan
hjul,
eksospotte utan bil –
Ein kreasjon, mot slutten av kurva,
på veg ut av diagrammet og inn i eit
nytt…
Eksospotte, sykkelramme
skrot, eller meisterleg kunst –
Eg kan ikkje avgjere, tenkje tanken
til endes,
snur meg rundt og går vidare, bort,
prøver å gløyme
ei innsikt eg ikkje vil ha…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar