Det er morgon ved fjorden,
ein stille dag, i starten av august
Lufta er alt varm, eg sit barbeint på
ein molostein
og lyttar til fuglane sitt morgonstell
Berre måsane er heilt klare, og i gang
med dagens leik
Ein nabo køyrer forbi i båt,
den stille dunkinga bryt inn i
bølgjeskvulpet,
eg kjenner hjartet byrjar å fylje
takta –
Eg vinkar, og ropar god morgon,
får eit vink og eit smil tilbake,
før eg lenar meg tilbake mot steinen
bak
og let att auga
endå sit søvntåka att i kroppen,
eg kjenner korleis den siv ut
saman
med den stigande sola --
eg ser den som ein varm flekk bak
augelokka
Motorduren stilnar, tilbake er berre
eg
og måsane og småfuglane
og bølgjene mot molosteinane
og ein dag som kjem ruslande med
hendene i lomma,
lyftar vekk nattsløret
og slår seg
ned – rett ved meg
God stemning her!
SvarSlett