Det er stille i huset,
snart demrar dagen,
og mørket må vike for sola
Berre tassande føter, to små
går opp trappa – steg etter steg
med nølande fryd
To auger ser seg forundra rundt
- her er så tomt!
Kor er dei alle saman – kor er mamma,
kor er pappa, kor er søskena blitt av?
(ho gløymer å sjekke dei bulande dyner)
Til slutt når ho toppen, og trappa tek
slutt,
på golvet i gangen står skoa og
ventar,
og lenger inne, i stova, er leikar og
dagen
som lokkar med forunderlege eventyr –
men no er det stille, og litt mørkt
Er her ingen? Hallo? så stille ho kan,
Tek endå eit steg inn i gongen -
forsiktig
Med eitt er det noko - det flyt som ei
rørsle
til sida, ein skugge som flyttar seg
raskt,
eit smell imot ruta – ho kastar seg
rundt
Og hyler i forsvar, så høgt som ho
kan;
Det er ropet som rungar, det gjallande
skriket
som vekker oss andre frå søvnen
Eg flyg ut av senga – kva er det har
hendt?
Eit hyl som går heilt inn til mergen
Med hjartet i halsen, og redsla i
hjartet,
spring eg mot trappa og opp i ein fei
Der står ho; ho skjelv, og auga er
store,
tårer og snørr i eit lite, kvitt fjes
Kva er det? Kva
var det? Kva
hendte her oppe?
Men hulka dei varer – og ikkje eit ord
I vindauget ser eg ein skugge mot
veggen,
vårt svarthåra monstrum, godmodige katt
Eg tenkjer meg til kva som hendte…
Man kan få hjertet i halsen av mindre.
SvarSlettEn nydelig profil på det jeg antar er "synderen".
Ha en fin kveld.
Mormor :)
WOW!
SvarSlettOrdentleg småskummelt..
Ha fin søndag!
Fantastisk vakkert skrevet!! en historie en kjenner seg igjen i både fra den ene og den andre siden, og ennå sitter jeg her, endelig over 40 og hater, ja hater!!! å være den siste i seng her i huset, for da kan følelsen lett komme igjen, alenefølelsen når alle andre sover.... sa d æ :-) Morgenstunden er helt annerledes, for her sover huset men jeg sitter å koser med med blogg og kaffe, stor takk igjen! for at jeg fant inn hit, nå skal det lenkes slik at jeg ikke går glipp av et ord!!! Her smiler jeg, nikker gjenkjennende, og kjenner innimellom gråten i halsen av innlegg, takk kjære du som deler så raust.
SvarSlettFin søndag ønskes. Anneklem.