Tik tok
Eg diktar mi verd
- Kven veit koss den eigentleg er?
Med bilar som flyr – det passar meg
best
Og maten min lagar seg sjølv
- Tenk så fint – ja, det vil eg ha!
Slik kan eg fabulere, lulle meg inn
i draumar og spindel
frå tankar som vandrar av garde,
Tek seg kroppar, tek form, let seg
forme
av støvet til noko som finst
I alle fall inni mitt hovud
Der urverdsklokkene tikkar – tik tok
Mot natta, der ute,
Her inne er alle lys på…
Eg ser ikkje mørket som kapslar meg
inn,
Mumifiserer alt rundt mitt indre
Tik tok – mitt hjarte vil aldri gje
slepp
Før siste lyset vert slukt –
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar