Dei vanskelege orda,
saman med dei enkle, dei banale
og alvorlege, dei slemme, dei snille,
dei keisame og sløve,
dei raske, dei glade og obskøne,
ja, til og med dei samansette –
ligg der, på kvar sine hyller, i
dobbelt sett,
klare til
dagens arbeid, klare til
å yte sitt
for at verda skal bli litt betre og
enklare
å forstå
og for å hjelpe oss hjelpelause
menneske
å formidle det kroppen ikkje får sagt –
To ord for det same – vi kan like det,
eller ikkje…
men orda er komne for å bli,
og er skattar som ventar – på deg!
Gratulerer med Aasen i dag. Og atter eit fint dikt! Og så må eg seie meg svært lei for at eg tulla med bloggnamnet ditt i mitt innlegg. Det var en lei glipp!
SvarSlett