Nokre gongar er det lettare å sjå
verda slik ho eigentleg er;
Når alt vert snudd på hovudet,
livet tek ein sving du ikkje rekna
med,
og du vandrar rundt
som eit levande spørsmålsteikn –
for ingenting av det du ser
er slik det var og slik du veit
det skulle vere
Frå ein opp/ned-posisjon
ser alle ting heilt annleis ut –
Klarar du komme deg tilbake på føtene,
som kattepotar mot hard sement,
vil blikket på verda vere endra
for alltid
(Mitt bidrag til måndagstema "opp/ned" hos Alt som er vakkert)
Läcker bild och fin text!
SvarSlettNydelig tekst!
SvarSlettHar tatt en dykk i arkivet ditt mang en gang. Du skriver nydelig og tekstene dine treffer meg ofte rett i sjelen.
Takk for hyggelege ord! Eg er ikkje alltid så god på å svare på kommentarar, men eg les kvar einaste ein og set pris på alle tilbakemeldingar!
SvarSlettVeldig godt skreve og så sant!!
SvarSlett