Dei er oppe om natta,
og skvett til av blitsen –
Eg har snike meg gjennom krattskogen
Stille – så stille eg kan
- Eg er slett ikkje Hjortefot,
men dei høyrde meg ikkje
då eg lista meg gjennom graset,
følgde bekken eit lite stykke
og svinga inn i den mørklagte
underskogen
Der stod dei og kviskra,
eg høyrde suset frå blada og svaielydar
frå stilkane –
Sakte rigga eg meg til,
Sette fotoapparatet i posisjon
og sikta meg inn der eg høyrde dei
stod
Eg skrudde på blitsen – eit lite pip
kunne høyrast
Brått tidde dei, eg venta i andelaus
spenning,
til dei igjen tok opp praten – eg var
usett
og klar,
eg trakk pusten ein siste gong, trykte
ned knappen,
og eit lite brøkdels sekund
var heile underskogen opplyst,
hundre forskrekka kløverblomar stirra
måpande
mot kamera – (men det såg eg først
seinare,
etter å ha framkalla filmen)
Så vart det mørkt att, og eg la på
sprang – tilbake,
før nokon rakk å sjå kven eg var…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar