Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg

lørdag 11. juli 2020

Forfall

skoen kan forfalle
tilbake til sin naturlege tilstand,
vere skinn på flodhesten sakte duppande
under overflata i jungelvatnet

lengre oppe
svingar lissehola seg i lange lianar
festa som vakker sutur
over kveldshimmelen

ingen kjenner att hælen
som no heng som eit lodd over vegen
der du snart skal trø, barbeint
i fare, ei tankelaus fluge --

tirsdag 19. mai 2020

Det som finst

ingen høyrde pusten
såg lysglimtet i den skinande pelsen
såg klør --
kjente den stille vibrasjonen i bakken
under dei første stega

ingen kjente lukta
av dyret som forsvann i underskogen
for så lenge sidan

noko finst
ei urforteljing for kvart atom
utanfor mine eigne grenser


mandag 24. februar 2020

Stein?

kva gjer denne steinen her?
altså, akkurat denne steinen,
akkurat her?

berre ligg i ro
som steinar ofte gjer,
men på ein provoserande måte,
liksom smiler med plirande auge, spottande
utfordrande
- våg å flytte meg --

ja, kva gjer denne steinen her
så langt frå fjellet
så langt frå steinrøysa i fjellsida,
liksom flytande oppå molda
som ein tankbåt på ope hav  -  tung i sjøen 
ei seig masse
urørleg
forsteina
stille

å, så vill ein kan bli i blikket
av slike provokasjonar;
kva gjer du her, vesle stein?
har du ikkje ein annan, betre stad å vere?

hm?



onsdag 8. januar 2020

Det tåka skjulte

eg hadde gått der mange gongar før
på fottur gjennom forvridde og tause fjellbjørkeskogar
og myrlendt terreng

i fjellsida på kanten av myra
låg det svære kampesteinar,
truleg restar av gamle ras
og isen sine herjingar i landet

akkurat denne morgonen
kom heile myra litt brått på,
for skodda dekka viddelandskapet,
og då den milde austavinden sette inn
og tok med seg tåka til havs,
gjekk det på få minutt

og plutseleg stod eg der
framfor fjellskråninga
og gnei meg i auga

for det var auge som stirra imot
og dei var minst like undrande som mine
og i tillegg noko meir,
ei vag frykt, ein angst for noko ukjent

me delte denne frykta eit par tause sekund,
før steinane igjen fall på plass
og vart berre steinar att

men blikket bar eg med meg vidare

torsdag 13. juni 2019

Det verkelege

eg kjenner varmen frå pusten din
som ein mild vind
over huda

lastebilane glir gjennom landskapet
langt der nede, som maur
ved foten av fjellet

her oppe 
kor stein møter snø og skyer
er det ingen lydar

verda er ein stumfilm;
det einaste som er verkeleg
er pusten din mot kinnet mitt
og ekkoet av eit bankande hjarte
som slår tilbake
frå auga dine
som stjerneskot

lørdag 3. november 2018

Det vesle mennesket




mellom dei høge fjella
slår me djupe røter,
feste mot regn og ras og vind
i dette ugjestmilde terrenget

her er me
dei små menneska
i møte        med det store skaparverket

det er ein snodig symbiose
me lever i – avhengige og frie
underlagt lover me ikkje rår over
og med skeivfordelt makt –

den parten som kan øydeleggje det heile
er den einaste parten
som ikkje kan leve aleine –




lørdag 19. august 2017

Vinden over djupet




alt speglar seg i vatnet
trea speglar seg
fjella speglar seg
himmelen speglar seg
og leitar etter skuggen av seg sjølv
i djupet

alle speglar seg i vatnet
og ventar å finne fragmenterte bitar
av seg sjølv i det andre elementet,
finne sine eigne fargar
og noko av sitt eige sjølv
i djupet

på dei stille, rolege dagane
når vinden ikkje er til stade

for berre vinden bryr seg ikkje,
berre vinden bles av heile greia
og rotar opp vatnet
så fargane forsvinn
og ingen kan sjå eller finne
nokon ting
i djupet