Viser innlegg med etiketten sko. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sko. Vis alle innlegg

lørdag 11. juli 2020

Forfall

skoen kan forfalle
tilbake til sin naturlege tilstand,
vere skinn på flodhesten sakte duppande
under overflata i jungelvatnet

lengre oppe
svingar lissehola seg i lange lianar
festa som vakker sutur
over kveldshimmelen

ingen kjenner att hælen
som no heng som eit lodd over vegen
der du snart skal trø, barbeint
i fare, ei tankelaus fluge --

mandag 6. juli 2020

Opprør

det var fjellskoa som sladra

eg høyrde dei ei natt
eg ikkje fekk sove;

gjekk ut for å drikke vatn,
høyrde skoa kviskre saman
bak nattsvarte skyvedører

lista meg nærare, lytta
lett pinleg berørt
over mitt eige svik

høyrde dei insisterande åtvaringane
om myrlendt terreng
spisse steinar
mose som aldri slepp taket -

sidan den natta
har eg gått berrføtt
på alle turar


søndag 1. juni 2014

Nye vegar



1
det er dei litt slitte skoa
på slitte gater
i ein litt slitt by

ein sliten mann
med slitne sko
i lange, slitne gater

tusen tause stjerner
ein taus mann
i to tause sko

i ein litt stor by
under store, usynlege stjerner
må sitje og kvile litt
her




2
eg våga meg ut på dei store djupnene
våga meg utpå, djupnene lokka
meg ut, med ei klokkeklar røyst
mellom fjellveggane, ei dirring
djupare enn mine indre djupner
ei lengt ingen visjonar kan temme

eg vart dregen av ein luftstraum, eit dragsug
etter stemmene i djupet – kom ut
der du vil skjelve av skrekk – kom ut
til eit land der du ikkje har kontrollen –

eg våga meg ut
på dei store djupnene
våga meg utpå
når djupnene lokka





3
nokon må leie
mine steg
i den nye verda

nokon må halde
lyfte meg opp
når eg fell

nokon må vise
vere eksempel
langs vegen

nokon må støtte
vere haldepunkt
og trygge veggar

nokon må vere der
berre vere
der, for meg


søndag 7. april 2013

Vårkjensla



Den beste kjensla av dei alle
den som seier
til hjartet
at no er det vår
No! Kan alle ting skje!
er kjensla
av nye joggesko,
på bein som har vore nedtyngt
av tunge vinterstøvlar og
vinterdressar og snø og sørpe

No kan dei springe
som trommestikker 
over nyopenberra asfalt,
langs iskantar og smeltevatn
over spirande gras
gjennom vårfrisk luft --

Ingenting gir vår
som det!


(Mitt (av naturlege årsakar litt forsinka) bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Vårteikn)