midt i den store mysterieavdelinga
livet er
står ein port, med attlatne gardiner
me er alle på veg dit
er du gjennom
er det ingen veg tilbake
på andre sida
er det to nye portar,
men du vil berre sjå den eine;
vegvalet er gjort
alt før du kjem til den første
medan begge endå er opne
livets harde realitetar
kan verken kverulanten
tvilaren
spekulanten
den fornektande
skeptikaren
eller lærde
endre på
Viser innlegg med etiketten vegar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vegar. Vis alle innlegg
onsdag 8. april 2020
fredag 16. oktober 2015
Siktepunkt
heile
vegen, sa du
gå
heile vegen fram
så
langt du kan komme, der
vil
eg vere, vente, vere
eit
siktepunkt mot horisonten
så
er det kanskje mørkt, sa du
kanskje
mørkt langs vegen
og
du går i mørke til morgonen kjem, då
strålar
lyset, skinande fram, lyset
leier
deg heile vegen til meg –
lørdag 16. mai 2015
Inn i natta
1
vegane
ligg tause i natta,
minnes
alle stega
og dei rullande hjula
på
sine reiser gjennom verda
vegane
ligg tause, søv
under
tyngda av vårnatta
og
strekk sine seige molekyl,
pustar ut etter enda verk
2
i
skuggen av natta
står
du her, speidar utover
eit landskap du har lært å kjenne
for
første gong
du
er så ny i verda,
så
uerfaren med alt dette store
som
berre vidar seg ut
og vert endå større
blikket
ditt vandrar
gjennom
hagen, ut på vegen
den
ventande stien
til
eit stort og mystisk liv
3
så
fell månen over fjorden,
vaskar
ut dei gamle tankane
bleikar
lerretet,
gjer det klart for nye dagar(Fototriss)
torsdag 4. desember 2014
Ein dråpe blod
det
går ein veg
ein
sti
over
aude fjellet
spor
etter esel
og
tunge mannesteg
i
sanden
ein
dråpe blod
berre
synleg
for den som leiter
Abonner på:
Innlegg (Atom)
