onsdag 31. oktober 2018
tirsdag 30. oktober 2018
mandag 29. oktober 2018
søndag 28. oktober 2018
lørdag 27. oktober 2018
fredag 26. oktober 2018
Unnskyld du
eg
har litt dårleg samvit i dag
og
veit ikkje kva eg skal seie
for
å forklare deg
kva
som skjedde
det
var ikkje ei viljeshandling
det
kom ut av det blå
like
overraskande på meg
som
på deg
du
kjenner deg kanskje forlaten
eg
kan forstå det
og
eg kjenner på ansvaret
det
tyngjer og klemmer om hjartet
men
eg kan ikkje snu
eg
kan ikkje gå tilbake til deg
alt
er omsnudd og alt er nytt
når
eg no har funne meg ei ny
favorittbok
torsdag 25. oktober 2018
onsdag 24. oktober 2018
tirsdag 23. oktober 2018
mandag 22. oktober 2018
søndag 21. oktober 2018
lørdag 20. oktober 2018
fredag 19. oktober 2018
Eit pusterom
det
er midt i livet me treff kvarandre
der
kvardagane kryssar sine eigne spor
på
vegen mot noko anna
som
ventar der framme
akkurat
der mitt spor går
og
ditt spor går tilfeldigvis
på
same staden
og
me kan slå av eit smil
og
litt prat
for
livet er både eit rom og ei dør
som
leier oss vidare
inn
i nye handlingar
og
ved veggen står ein sofa
som
kanskje vert brukt
litt
for sjeldan
torsdag 18. oktober 2018
onsdag 17. oktober 2018
tirsdag 16. oktober 2018
mandag 15. oktober 2018
søndag 14. oktober 2018
lørdag 13. oktober 2018
Fjord/Bru
mjukt
vandrar du
i
dette framtidslandskapet
av
draumar håp og ord
som
kan byggje bru
mellom
våre tusen øyer
det
er ein annleis meg
som
studerer deg no,
ein
annleis meg som vinkar
frå
ein av mine mange holmar
og
du har andre auge
dei
har endra seg i takt med inntrykka,
for
det bur andre og endra visjonar
i
hjarta våre – tida har drive oss vidare
i
fjordstraumane
likevel
er me dei same
likevel
er brua mellom auga
merkeleg
kjent
likevel
finn orda du seier
gjenklang
i mine eigne djup –
for
me er annleis no
tida
og lyset og vindane
har
endra oss, flytta oss rundt
gitt
nye perspektiv;
men
brua mellom hjarta
blikka
mellom sjelene
er
som då me var her
for første gong
Etiketter:
kjærleik,
kommunikasjon,
livet,
saman
Abonner på:
Innlegg (Atom)





