Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg

lørdag 29. august 2020

Gje meg ein stein

gje meg ein stein -
eg skal knuse
trolla i trollskogen
heile trollskogen
og skogen rundt

eg treng ikkje noko sesam sesam
viss eg får ein stein
som er stor nok

til å knuse rapunsel
sitt tårn
og den stengde soveromsdøra
til tornerose

ein stein til å slå hol i skalet
rundt udyret
og trylle heksa kvit
til stein

rulle tvers over mordor
og inn i gapet
til midgardsormen

knuse myter, knuse frykta
hatet
knuse alt

berre gje meg ein stein


mandag 22. juni 2020

Tunnel

det store lyset

midt i skogen

og i enden

ein tunnel

inn til det tomme rommet

med knuste vindauge

 

ei dør

tilbake til det verkelege livet

som startar

der eventyret

endar



fredag 17. april 2020

Den neste

der er alltid ein røvar
nummer 41
eit soveår nummer 101
ein gris nummer 4

på natt nummer 1002
går den åttande dvergen
gjennom ein spegel

ser seg sjølv
som voldemort sin arvtakar

for der er alltid
ein ulv jegeren ikkje får tak i


tirsdag 12. juni 2018

Nye farvatn




inn i ukjente farvatn
der alle fargar, lukter og kjensler
er ferske
ingenting av det du kjende før
finn du att her;
du startar på null –


inn i desse farvatna
kjem du
med heile deg,
tankane dine og kjenslene dine
og det du kan
er ballast i båten,
eit anker du kan kaste ut
når bølgene vert for store


inn i dette eventyret
er det du stig
            med bankande hjarte
og
eit nysgjerrig blikk;
for kanskje er det noko her
som vil forandre deg, fornye deg
gjer deg til eit betre menneske –



torsdag 24. august 2017

Ut i eventyret




tre ting må du ta med deg
ut i eventyret

mot til å møte trolla
dei trampande stampande
alltidulande ulvane
som stengjer vegar
lukkar portar
vil ha deg til å snu –

du må våge å møte auga
og gå på

hjarte for dei som er såra
og ligg nede, hjarte
for dei fortvila og forvilla
og for dei blinde og
dei redde
og deg sjølv

ro til å trekke pusten
for i eventyret går tida fort –
ingen ber deg sitje ned
og kikke på stjernehimmelen
(om du då ikkje har med ein guide
som veit talet på dei alle)
for i eventyret er uroa
det aller største
trollet