Viser innlegg med etiketten mot. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mot. Vis alle innlegg

søndag 8. november 2020

Komplisert

kjensla av å vere ein bekk

med frådande vatn,

vere eit stryk i flukt

full av kraft og pågangsmot

 

eller ein stein i bekken

stille, taus og robust

som eit punkt å måtte forsere

på vegen mot noko anna

 

eller kanskje heller ein båt

i den ville straumen,

den som må kjempe imot

alle undergangskreftene --


ofte er kjensla

at eg er alle tre

på ein gong



søndag 2. august 2020

Flytte heim til seg sjølv

eg snik meg ut
frå dette tronge kottet
på baksida av hjartet

her har eg stuva inn alt
eg eigentleg ikkje treng
men tenkjer at eg kanskje får bruk for
ein gong

men som aldri vil bli henta fram att,
fordi eg eigentleg gløymer det ut
utan å gløyme det heilt,
berre let det liggje her og støve ned

somme tider
dessverre oftare enn ikkje
må eg sitje der sjølv også

eg finn ikkje plass
i dei store romma der inne
og set meg her ute, berre eg
ei lita niste, ei bok å lese i medan tida går
og verda berre snurrar og durar der ute

men
no snik eg meg ut, altså, no
vil eg ikkje sitje her lenger
og kva skal eg eigentleg med dette kottet?
kan eg ikkje setje fyr på heile greia
sjå det brenne til grunnen?

då er det ingen veg tilbake lenger,
då må eg jo berre vere der inne, der eg eigentleg bur
og møte det som kjem
utan sjanse for retrett
berre stramme meg opp, rette ryggen og
gjere det eg må -

er det nokon som kan låne meg ei fyrstikk?


søndag 12. november 2017

Aleine #4




eg har vore i det djupe mørket
eg har gått gjennom tåkemørk skog

eg har sitte på kanten av stupet
eg har reist dit som ingen før drog

eg har bana meg veg
gjennom stormen

eg har sloss med den fæle
sjøormen

eg har tørsta i ørkenen stor
eg har ete ved drakars bord

alt det har eg gjort, og meire til
med heile nervar og mot

først den dagen du drog ifrå meg
vart dei frynsete, gamalt skrot


lørdag 23. september 2017

Ut over kanten



det er ikkje alltid lengda på hoppet
som tel
eller korleis du landar

det viktigaste er at du vågar
setje ut frå kanten,
at du vågar ta sats
og kaste deg ut i det ukjente

og om du skulle lande skeivt
nokre få centimeter frå
der du starta –
kan du likevel vite med deg sjølv
at du var i lufta
- at du svevde

fordi du turte
å kaste deg ut over kanten



torsdag 24. august 2017

Ut i eventyret




tre ting må du ta med deg
ut i eventyret

mot til å møte trolla
dei trampande stampande
alltidulande ulvane
som stengjer vegar
lukkar portar
vil ha deg til å snu –

du må våge å møte auga
og gå på

hjarte for dei som er såra
og ligg nede, hjarte
for dei fortvila og forvilla
og for dei blinde og
dei redde
og deg sjølv

ro til å trekke pusten
for i eventyret går tida fort –
ingen ber deg sitje ned
og kikke på stjernehimmelen
(om du då ikkje har med ein guide
som veit talet på dei alle)
for i eventyret er uroa
det aller største
trollet