Viser innlegg med etiketten Aleine. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aleine. Vis alle innlegg
onsdag 28. november 2018
søndag 12. november 2017
Aleine #10
tre
gongar i timen
sjekkar
eg klokka
held
den opp til øyret
stirrar
på visarane
er
sikker på at den har stoppa,
endå
tikkelyden er der
og
visarane flyttar på seg
så
mange lange timar
før
du kjem att
Aleine #9
det
nyttar ikkje rope
-
eg har då visst prøvd
stemma
ber ikkje
heile
vegen frå djupet
av
lengten min
Aleine #8
av
og til berre står eg her
ser ut i skogen
undrar meg
kor er du no –
det er det eg gjer
til og frå
nesten heile tida
ser ut i skogen
undrar meg
kor er du no –
det er det eg gjer
til og frå
nesten heile tida
Abonner på:
Innlegg (Atom)