onsdag 29. april 2015
Vitne
noko slyngjer seg oppover
runde for runde
til stjernene er nære vener
og du høyrer vatnet surkle
i sandfylte joggesko
for dagane tenkjer sitt
og nettene svarar med djupe sukk;
havet kastar seg mot land
i ein villskap ukjent for
dei nye skota
dei vert vitne til alt dette,
det som trekkjer lufta, draumane
oppover - utover og så
let dei falle, som dogg
i det nye graset
det er berre starten, det er her
alle ting har sitt opphav;
brå, plutseleg framkomst
lik jordas første dag
og du ser, du ser og veit -
(b&w wednesday)
tirsdag 28. april 2015
Slutten, og så vidare
det
er godt
lydde
stemma
då
siste atomet var forma
og
lagt på plass
det
kolossale puslespelet,
verdsmaskineriet
var
sluttført
og
godt –
så
begynte forvitringa,
den saktegåande slitasjen
i
stadig akselerasjon
for
hjarta gjekk sine eigne vegar,
hendene
fann aldri ro –
Du plantar
du
plantar himmelen
djupt i den mørkaste molda
du plantar livet
der døden har sett sine spor
du plantar kjærleik
i restane etter ein vinter
du plantar håpet
midt i det grå
djupt i den mørkaste molda
du plantar livet
der døden har sett sine spor
du plantar kjærleik
i restane etter ein vinter
du plantar håpet
midt i det grå
eg
vaknar
til ein dag
der lyset fyller rommet
fyller verda, kvar minste krok
og strålane avslører
mine svik og tap
mine daude draumar
men du
du plantar reinleik
omsorg og varme,
plantar trufast glede, usvikelege ord;
vatnar plantene
med eigne tårer, eige blod
let dei vekse, breie seg ut
fylle stadig meir av plassen
i mine rom
til ein dag
der lyset fyller rommet
fyller verda, kvar minste krok
og strålane avslører
mine svik og tap
mine daude draumar
men du
du plantar reinleik
omsorg og varme,
plantar trufast glede, usvikelege ord;
vatnar plantene
med eigne tårer, eige blod
let dei vekse, breie seg ut
fylle stadig meir av plassen
i mine rom
søndag 26. april 2015
Til kort
å
desse orda mine
kor
dei sviktar,
kor
dei er eit svik
mot
tankane, kjenslene
alt
eg er
i
ei fargestrålande verd
der
eit augekast
eller
tause ryggar
seier
så mykje meir
og
så mykje meir presist
det
tunga prøver å formulere
kunne
det berre finnast ord
med
smak og farge og substans,
som
kunne kastast gjennom lufta
like
lett som desse lydbølgjene
ord
som kunne gi heilare bilete,
meir
fullstendige visjonar
og
ei oppleving
av
kva eg verkeleg ynskte å seie –
lørdag 25. april 2015
Struktur
1
alderen
set sine merke;
det
er som livet sjølv
kryp
opp frå den eldgamle jorda
og
kler sine gjester
2
dette
er spora
etter
levd liv,
arr
frå tusen slag
dette
er merka som kjem
når
ein gjer det ein er etla til;
somme
seier sår
rivner
i det perfekte,
skår
i det som skulle vore heilt
eg
seier: adelsmerke
på
ein som har kjent verda
si
vrangside
og
endå står –
3
stryk
handa over
fastfrosne
årer,
slik
eit fengsel,
slik
eit vern kan halde –
og
lyden av dryssande rim
på
frosen mark
der
hjartet krakelerer
under
lengten etter ny vår
Abonner på:
Innlegg (Atom)
