den
lågmælte mumlinga
frå
ventande bøker
trengjer
gjennom alle veggar,
bryt
ned alle dører
og
stengslar,
finn
sin veg i tomme gongar
og
overfylte hallar
sjølv
i stormfulle netter
med
tore og regn
bankande
mot vindauge
og
brusteinskledde gater
trengjer
mumlinga gjennom;
ei
lokking frå ord på geledd –
kom,
fri oss ut frå vårt stengsel
lat
oss fly i det opne rommet,
finne
vår plass i historia
der
vi kan snirkle våre eigne vegar
gjennom
hjernevinningar
og
tidlegare minne
slik
fyller den lågmælte mumlinga
øyrene,
hovudet, kroppen
med
sine vink og lyse løfter:
ein
rikdom, ein skatt
som
snart vil bli min –
(Bøkene på bildet utgjer "ventehylla" mi akkurat no. Mykje godt i vente!)
Så flott innlegg på bokens dag.
SvarSlettHa en god lesedag.
Mormor
http://www.starbear.no/mormor/2015/04/23/fra-fro-til/