så
tikkar dei inn
som
svarte hol
du
kan forsvinne i,
desse
teikna på
kvitt
papir
stiller
seg saman;
rekke
etter rekke,
utdjupar
kvarandre
med
meining og mål
aleine
er dei nesten tause,
saman
aukar dei krafta
med
logaritmiske dimensjonar
og
sprengjer seg veg
gjennom
tankar og sinn
fargelegg,
konstruerer,
restaurerar
gamle reisverk
og
let etter seg eit monument
over
eigen stordom
(Utdraget på bildet er frå boka "Saganatt" av Frode Grytten)

Så sant, så sant! Godt sagt.
SvarSlett