Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

torsdag 23. april 2015

Boka #4



og teksten som vil leve
som eit sjølvstendig vesen
i ditt indre,
bygge seg eit rom, slå seg ned
i denne nye heimen

leggje seg til å kvile
og vaknar – skremmande brått
når du minst ventar det;

desse bileta er ikkje dine
men er likevel ein del
av deg

du valte det, du visste det
at det var slik det ville gå
då du opna boka
og let orda strøyme som ei elv
inn auga



(Teksten på bildet er frå boka "Boktyven", skrive av Markus Zusak)

Boka #3



trekk pusten djupt
let den fylle alle avkrokar
med oksygen nok
til å forbrenne
alle nye tankar, straumar
av levande bilete
gjennom nervesystemet

det krev sitt mot
å avkode orda, som du veit
vil endre deg
anten du vil eller ikkje



(Utdraget på bildet er frå Adam Hochschild si bok "Begrav lenkene")

Boka #2



eg legg permane saman,
låser koden fast
i sitt eige mørker

kjenner det vibrerer
under overflata,
kjenner kviskrande lokkerop

veit ikkje om eg torer
opne boka att,
men veit, inst inne, eg vil gjere det

freistinga
er for stor




(Diktet på bildet er skrive av Wislawa Szymborska, og er henta frå diktsamlinga "Livet er den eneste måten")

Boka #1




så tikkar dei inn
som svarte hol
du kan forsvinne i,
desse teikna på
kvitt papir

stiller seg saman;
rekke etter rekke,
utdjupar kvarandre
med meining og mål

aleine er dei nesten tause,
saman aukar dei krafta
med logaritmiske dimensjonar
og sprengjer seg veg
gjennom tankar og sinn

fargelegg, konstruerer,
restaurerar gamle reisverk
og let etter seg eit monument
over eigen stordom



(Utdraget på bildet er frå boka "Saganatt" av Frode Grytten)

Boka som ventar



den lågmælte mumlinga
frå ventande bøker
trengjer gjennom alle veggar,
bryt ned alle dører
og stengslar,
finn sin veg i tomme gongar
og overfylte hallar

sjølv i stormfulle netter
med tore og regn
bankande mot vindauge
og brusteinskledde gater
trengjer mumlinga gjennom;
ei lokking frå ord på geledd –
kom, fri oss ut frå vårt stengsel

lat oss fly i det opne rommet,
finne vår plass i historia
der vi kan snirkle våre eigne vegar
gjennom hjernevinningar
og tidlegare minne

slik fyller den lågmælte mumlinga
øyrene, hovudet, kroppen
med sine vink og lyse løfter:
ein rikdom, ein skatt
som snart vil bli min –



(Bøkene på bildet utgjer "ventehylla" mi akkurat no. Mykje godt i vente!)