Viser innlegg med etiketten kultur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kultur. Vis alle innlegg

mandag 1. januar 2018

Barbar



det er eit innslag av vald
i orda du seier

dei kryp liksom sjølvsikre ut i verda
møter lufta med stålkontroll
og fintar all motstand av bana –

du seier det er kultur,
at det er tida i utvikling
og verda som har endra ham
til dette punktet – der orda brenn

som tørka lauv i øyrene mine
og du smiler og nikkar
medan tankekonstruksjonane fell
som forkola stillas

i ruinane trampar orda dine rundt
og gliser med blodige ulvetenner
over kadaveret til det som ein gong var
vår kultur

torsdag 19. november 2015

Kjempe gjennom



tenkjer på dette ville
ein gong utemde
rett utanfor
vår rekkjevidde

her har vi kjempa
oss gjennom, sett våre spor;
lagt asfalt, trekt linjer
sett reglar og grenser –

og så er det likevel slik
at vi ikkje kan eige det
om vi aldri så mykje ville;
det er alltid noko vi ikkje får tak på


onsdag 7. mai 2014

Parkert i naturen




fastlåst
i eit evig kyss
mellom natur og kultur
det skapte
og det skapande
mennesket
som stadig byggjer,
bruker,
lar forfalle
i eit krinslaup
- kven har tal på
kor mange hus vi har bygd
som no er vekke?
kven veit kva som skjer
med kulturen
i morgon –

enn så lenge
byggjer eg
og lar tida
ta seg av resten