Viser innlegg med etiketten eigedom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eigedom. Vis alle innlegg

torsdag 19. november 2015

Kjempe gjennom



tenkjer på dette ville
ein gong utemde
rett utanfor
vår rekkjevidde

her har vi kjempa
oss gjennom, sett våre spor;
lagt asfalt, trekt linjer
sett reglar og grenser –

og så er det likevel slik
at vi ikkje kan eige det
om vi aldri så mykje ville;
det er alltid noko vi ikkje får tak på


onsdag 13. august 2014

Sommarfunn



det er ikkje sikkert, veit vi
at alle funn
verkeleg er funn -

det kan vel så ofte vere
at vi tek ein Columbus
med attletne auge -

tid som har vore
er tid som har gått
og aldri kjem att;

den som held, er den som eig
men det er ikkje sikkert, veit vi
at det verkeleg er sant...

(Onsdagstema, Black and white wednesdays)

mandag 23. september 2013

Grensevaktene



vi sette opp gjerde
frå høgste snaufjellet
og heilt ned til fjorden

her skulle ingen vere i tvil
om kor grensa gjekk
og kva vi var villige til å tole –

det var slett ikkje mykje;
vi skaut kvar einaste forvilla sjel
som våga setje foten over grensa

– vi låg på lur og passa på
med ukrenkeleg rett
til vår eiga side

eit og anna lik låg tilbake ved grensa
men til slutt var det ingen som kom,
dei visste alle kva vi (ikkje) tolte –

slik gjekk dagane, slik gjekk åra
eit liv passerte
og vi sat stivna i kvar våre vakthus

ingen av oss tenkte eitt sekund på å sjå
det absurde i situasjonen;
vi passa på, det var vår einaste misjon

og ingen tvilte på vår rett
- men gleda, ja gleda ved å eige og ha kontroll
den kjente vi aldri noko til