Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

tirsdag 25. august 2020

Sporlys

eit gult skimmer ligg att
etter sola si bane
over himmelen

som sporlys
for oss som lengtar tilbake
til dei lange nettene
og lyse latteren
over jordbærskåla

sporlys, minneveg
for draumar
i revers


torsdag 20. august 2020

Treng ikkje namn

ein treng ikkje vite namnet på alt
for å elske det

til dømes desse lauva
som endå er grøne, endå vitalt
blafrande glede jubelsommar
over skogbotnen

snart endrar alt karakter
og noko fell
dalar mot det som ein gong var avgrunn
no ei seng
til kvile
mot vinteren

ein død
for det som var glede
senker stilla som ei nål
me alle trakkar på

og endå kjenner eg ikkje namnet
på lauvdanssongen
men eg elskar den likevel

fredag 24. juli 2020

Sol går ned

kor ofte kan sykkelen smelte
inn i asfalten
smelte fast med eiker sprikande
mot ein blå himmel

i sommarsol, oversvømt
av sommarfuglar, vind
i kvar einaste løvetannkrone
mellom plenen og vegen

her smeltar sykkelen igjen
tenkjer me, kastar med hovudet
legg nye kotelettar på grillen
smiler til klokka

medan hjulet endå snurrar, sprutar
asfalt utover jordet
kastar sirkulerande skuggar
oppi ein hatt

og set den på hovudet
let verda fortsetje sin eigen sjø
med oss som blindpassasjer
under smelta plastikk

der hjulet grev seg ned i mold
og går i eitt
med ein raudnande kveldshimmel

er dette sommar
kviskrar me,
trør ein runde til
før grillen vert kald


onsdag 15. juli 2020

Sommarprat

ein traktor som
ser ut som ein hest
kjem rullande over
diamantjordet

set seg til å prate
om Putin og Trump
og alle som ikkje var med
å luke i potetåkeren
då sjansen baud seg

eg klatrar høgare opp i eika,
finn meg ei grein
eg kan henge opp ned frå
medan sola er oppe,
gjer meg klar for mørket

ser sauene gli forbi på vinden
gjennom graset over meg,
tel dei
et dei
plantar nye
i fura bak traktoren

og alt saman skjer
der det oppstår
bak auga


tirsdag 23. juni 2020

Ei tid som var

store sirklar av metall
rundt det som ein gong var eit liv
utan frykt

no sperra inne
bak gullfarga gitterstenger, kjetting
i stramme løkker

hjartet heng endå fritt

auga fangar inn sommarfargar
alle lydar får dobbel botn

og bak det heile
denne stille tikkinga frå ei klokke
ufrivillig plassert i tette ankelband

ein lyd frå ei tid som var,
eit drag mot ei sommarstille
alle fibrar i kroppen vert trekt mot

og me veit
det er det
som er heime



søndag 21. juni 2020

Gullregn

spyd frå glitrande skyer,
gullregn
gjennom sommarluft

her spring me fram
auga feste på horisontlinja

havet ventar, havet brusar
havet lokkar med sine blå bølgjer
langt der framme
ved verdas ende

me spring fram
gjennom glitrande gullregn
til eit ventande hav
og hjartet fyller ut tomromma
etter dropar som har falt

auga som spyd
i sommarlufta



søndag 31. mai 2020

Den riktige sida av sommar

det er den riktige sida av sommar
vrangsida snudd på vranga
slik at hjartet får puste
og føtene står og trippar i nydusja grus

her bryt livet overflata
og svevar opp frå vatnet
durar som eit sjøfly
langs solstrålane over senga

landskapet opnar seg - det var tunge dører!
og no er dei ikkje berre opne
men vekksmuldra og knuste

ingenting kan stoppe oss no
vegen fører berre framover
og dagane ligg ubrukte i glatt innpakningspapir med sløyfe,
klare for dine ivrige
barnehender


onsdag 13. mai 2020

Gløymde

gløymde det mørke vatnet

gløymde snøfillene i virvlande dans

gløymde stålblank is over store djup

gløymde kulda sine skrapande klør over huda

steig inn gjennom ei dør

kjende varmen, såg fargane, høyrde musikken

gløymde alt som var 


tirsdag 14. januar 2020

Dei som ventar

kanskje såg du løvetanndansen
i den milde brisen
ei stille sommarnatt

under snøen
ligg minna gøymt,
som eit teaterstykke utan regissør

ventar på nye vindar,
at nokon skal dra teppet til side
og orkesteret spele opp på ny


fredag 9. november 2018

Noko var innom




kanskje kan me knuse
denne draumen
at noko verkeleg var der;
            at der var ein sommar
            at der var        noko
nytt, som liksom passa inn
endå me ikkje visste kva det var

kanskje kan me knuse draumen
og viske ut minnet –
men kvar celle i kroppen        vil hugse


lørdag 4. august 2018

Soleiebarn #18




fantastiske lyse sommarminne
etter dagar med strålande refleksjon –

huda har absorbert all varmen
og auga sendt strålane vidare
frå menneske til menneske

til vi strålar saman under sola
som eit fellesskap
av andrehandskjelder

kor vi solar oss i dette
at vi ikkje går i eiga kraft,
men speglar lyset
frå ei større kjelde