Viser innlegg med etiketten gløyme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gløyme. Vis alle innlegg

onsdag 13. mai 2020

Gløymde

gløymde det mørke vatnet

gløymde snøfillene i virvlande dans

gløymde stålblank is over store djup

gløymde kulda sine skrapande klør over huda

steig inn gjennom ei dør

kjende varmen, såg fargane, høyrde musikken

gløymde alt som var