Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

onsdag 13. mai 2020

Gløymde

gløymde det mørke vatnet

gløymde snøfillene i virvlande dans

gløymde stålblank is over store djup

gløymde kulda sine skrapande klør over huda

steig inn gjennom ei dør

kjende varmen, såg fargane, høyrde musikken

gløymde alt som var 


fredag 1. mai 2020

Hud som brenn

verda kler på seg mai,
sveipar seg i grøne skot
og solfylte flekkar

let seg senke ned i det blå,
eit djupdykk i eigne håp, eigne draumar --

på djupet, der pusten ikkje kan trekkast
og lengt er ein kapsel å bu i

så bryt ein overflata
sug til seg alt verda har å by på
og ler mot varmen i sola

slik møter eg denne dagen
slik vaknar eg og går ut på det spirande graset
med berre føter og hud som brenn
etter deg


tirsdag 21. april 2020

Alt som skal til

våren tuslar rundt i hagen
fiksar litt her
fiksar litt der

set seg ned på plenen, lenar seg fram
og legg seg beint fram til
å sjå på graset gro

tid, kviskrar ho, tid...
alt som skal til
er tid



tirsdag 7. april 2020

Endring på veg

lyden av piskeslag
er endå berre eit sus i vinden

synet av blod mot brustein
er ei hildring, eit glimt
frå tider som kjem

smaken av vin og brød
skal aldri meir bli den same
men ikkje no, ikkje endå

kjensla av frost gjennom marg og bein
som ei einsemd, ei smerte
som ikkje kan lindrast
er endå bakom horisonten

men me kan sjå det kome,
i blikka, i stemmene, i kjensla av noko framand
i byen

lukta av ein ny vår, 
spirer som snart trengjer gjennom molda
i ein fødsel som endå
er usynleg for både auge, hjarte og lengt

eit sus i vinden, ein lyd
langt bortanfrå -
noko som kjem

og vil endre alt


onsdag 11. mars 2020

Nåleputesong

som galaktiske strikkepinnar
flyt solstrålane over den grøne parken
pirkar borti gras og tre,
grev seg djupt ned bakken
står som spyd mellom mold og stein

strikkar natta om til dag
strikkar molda om til blomar
strikkar blad på trea
strikkar sommarfuglar
frå dei små larvane

strekk seg mellom nye blad
som spissen av ei nålepute
du kan leggje handa på,
vere ein fakir
med ein song under huda

la seg stille punktere
så songen siv ut
over parken


onsdag 19. februar 2020

Bærlengt

eg er eit blåbær
du er ei molte

endå er me berre kart
og verda ligg her stille, sart

men det svevar ein vind over heia
eit pust av liv, eit håp, eit løft

mot våren som kjem denne leia
og spirar som skal gro i vår grøft

på væte i molda, solstrålemillionar
rundt våre daude frostkonstruksjonar -

så kan me lengte saman
dytte kvarandre i veg;

snart kjem våren -

snart kjem ei ny tid, 
for deg og meg


lørdag 23. november 2019

Opne for lyset

eg opnar sjela
slepp ut fuglane
let dei sveve på støle vengjer

det har vore ein lang vinter
auga har silt vekk lyset
altfor lenge no

det er på tide å slå opp vindauge og dører,
lene seg ut         rope:
kom vindar, kom lys og regn!

vite
der er nokon som tek imot



søndag 22. april 2018

Snakk

det har blitt så mykje snakk
om denne våren
som er på veg;
om sildrande bekkar og
smeltande snø og
blomar som liksom vender attende –
eg tykkjer det har blitt ein hype
heile greia

fredag 30. mars 2018

Over isen



hjartelengten over djupet
er eit springbrett
for dei store draumane,
dei som snirklar seg som røyk
under isen
under vatnet
under botnslam og sjølve grunnfjellet

der nede
i dei varme straumane
kan dei vekse seg formidable
og finne si form,
før dei igjen stig som bobler
mot overflata
sprengjer seg opp gjennom isen
og fløymer inn som ein vår
over auga