eg er eit blåbær
du er ei molte
endå er me berre kart
og verda ligg her stille, sart
men det svevar ein vind over heia
eit pust av liv, eit håp, eit løft
mot våren som kjem denne leia
og spirar som skal gro i vår grøft
på væte i molda, solstrålemillionar
rundt våre daude frostkonstruksjonar -
så kan me lengte saman
dytte kvarandre i veg;
snart kjem våren -
snart kjem ei ny tid,
for deg og meg
Viser innlegg med etiketten bær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bær. Vis alle innlegg
onsdag 19. februar 2020
onsdag 19. juni 2013
Markjordbær
Dei er saftige og raude
Smakfulle og små
Ein maur kan kanskje nå dei
Viss han står på tå
I grøftekanten finn du dei,
Og oppi mine lommar
På strå dei smakar veldig godt;
Indikatorbær for sommar!
Smakfulle og små
Ein maur kan kanskje nå dei
Viss han står på tå
I grøftekanten finn du dei,
Og oppi mine lommar
På strå dei smakar veldig godt;
Indikatorbær for sommar!
Abonner på:
Innlegg (Atom)