tankane
er fuglar
draumane
er vengjer
frå
din stad i universet
kan
dei lette og fly ut
sirkle
om jorda
hente
næring i det som er sådd;
ord
som ein gong vart forma,
små
frø i vårt tynne jordsmonn
mellom
magma og det uendelege universet