Viser innlegg med etiketten generasjonar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten generasjonar. Vis alle innlegg

fredag 16. desember 2016

Etter




det kjem nokon etter
med alvor i stega
og ei anna bør

endå er blikket ope
vegvala mange
og verda vid;

nokon kjem etter
set sine spor
på nye stiar

vandrar etter
men likevel, like vel
går vegen i ukjent landskap