Viser innlegg med etiketten tankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tankar. Vis alle innlegg

mandag 20. juli 2020

Tankar på ei hylle

eg har ein tanke inni ein tanke
og begge tankane
veks i skuggen av ein endå større

til saman utgjer desse tre tankane ein liten promille
av alle tankane som vandrar rundt
inni ei øskje med tankar
eg har raska saman
langs vegen

denne øskja set eg vekk
på ei stille hylle i det store hjernearkivet,
så kan tankane få vandre rundt
side ved side 
eller den eine inni den andre inni den tredje
inni den fjerde
til alt kokar vekk

og øskje vert taus



mandag 20. januar 2020

Overføring

du treng ikkje tru eit ord
av det eg skriv

du bør ikkje
tru eit ord
tru du meg
av det eg skriv, for

alt handlar om noko anna
enn di handfaste verd,
og det du trur
er dine eigne tankar

dei som dukkar opp
når du les det eg skriv

og dei kan du gjerne tru på


fredag 10. januar 2020

Vegen ut

dei dagane tankane virrar rundt
som forvirra fluger i vindauget,
att og fram
hit og dit
rundt i sirkel
og heile vegen står glaset ope,
det er lett som ein plett
å smette ut

men dei gjer det ikkje
fridomen er som eit fengsel
med ulåste dører,
utan vegger og tak

eg trur eg sit fast,
men alt ventar og ventar og ventar på
at eg skal sjå 
at eg er fri 


mandag 3. september 2018

Dei tre meg




djupt i sjela
er mitt eg delt i tre;
som ulike ansikt
i disharmoni

den øvre meg
med dei lyse auga
og føter som dansar til musikken
i verda,
opne armar
mot himmelen
uansett vér

den nedre meg
med svartskribla hender
som nektar å opne
for noko,
den tause stemma
og dei stengte øyra og
kroppen av tjære og bek

og så meg midt i mellom
flytande stille
der tankane kolliderer
til eit vekslande kaos
- den meg som seier ja
men meiner nei – og rømmer
frå mine eigne val –

desse tre
som ein evig symfoni
for cello og slegge
og skrivemaskin



torsdag 23. august 2018

Indre reise



somme tider kan eg reise
som ein svevande ørn
over mine indre landskap

den naudsynte høgda
skapt av ironisk distanse
til mitt eige sjølv
gir luft under imaginære vengjer

så kan eg liggje her
flyte på vinden
sjå ned på mitt kuperte landskap
der alt er kjent

vere tilskodar til eigne handlingar
og le – når komedien trengjer gjennom
og gråte
kvar gong heltane dør



onsdag 22. august 2018

Den ukjente meg sjølv




av alle tankane
er det dei skjulte, framande
endå utenkte
førestillingane
eg trivst best med

å vite
at eg ikkje veit
kven eg er
- før dei nye ideane
formar meg til noko kjent

vere ein framand
for meg sjølv, vere ein annan
enn eg trudde –
til dei skjulte tankane
bryt overflata