djupt
i sjela
er
mitt eg delt i tre;
som
ulike ansikt
i
disharmoni
den
øvre meg
med
dei lyse auga
og
føter som dansar til musikken
i
verda,
opne
armar
mot
himmelen
uansett
vér
den
nedre meg
med
svartskribla hender
som
nektar å opne
for
noko,
den
tause stemma
og
dei stengte øyra og
kroppen
av tjære og bek
og
så meg midt i mellom
flytande
stille
der
tankane kolliderer
til
eit vekslande kaos
-
den meg som seier ja
men
meiner nei – og rømmer
frå
mine eigne val –
desse
tre
som
ein evig symfoni
for
cello og slegge
og
skrivemaskin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar